Skulen

Vassenden skule
6847  VASSENDEN

Telefon: 57 72 65 50
Telefax: 57 72 65 51
SFO:     57 72 65 57
Lærarrom: 57 72 65 56
Rektor:  57 72 65 53
Inspektør: 57 72 65 59
Sos.lærar: 57 72 65 54 

E-post til skulen

Alarmtelefon for barn og unge

Alarmtelefonen for barn og unge: Tlf nr 116 111

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 er ein gratis nødtelefon for barn og unge som lever med vald, overgrep og omsorgssvikt.
Telefonen er og open for vaksne som er bekymra for barn og unge. Alarmtelefonen er open frå kl. 15.00 til 08.00 på kvardagar
og døgnopen i helgane og på heilagdagar.

Nettsida til alarmtelefonen finner du her:
 

www.116111.no.
 
 Vi har 3 reglar på skulen:
   

Nyhende

Send di stemme før 22. mai!!

Elevrådet har meldt på Vassenden skule til "Den Store Skoledugnaden". Vi må få sendt så mange stemmer som mogeleg før den 22. mai! I dag ligg vi på 4. plass, og MÅ vere blant dei 10 beste for å vere med i finalen! For å stemme send SKOLE 185 til telefonnummer 05050
Les meir »   16.05.2012

16.mai tog 001.jpg

1.klasse er klar til 17.mai!

I dag har vi vore ute og trena på å gå i tog. No sit 17.mairopet som spikra!
16.05.2012

n679465481_147941_6223.jpg

Barnetog på 17. mai - Vassenden

Barnetoget startar kl 10.15. Oppmøte ved Vassenden skule. Foreldrekontaktar i alle klassane finn klassefanene ved administrasjonen frå kl 09.45. Foreldrekontaktar har ansvaret for elevane i toget, og set fanene attende ved administrasjonen når vi er ferdige med å gå i tog. Rektor vert med i barnetoget, og kan kontaktast ved spørsmål. Vi ynskjer alle elevar, foreldre og tilsette ei fin feiring av 17. mai!
16.05.2012

Tinestafetten-2012.jpg

Flott innsats på Tine Stafetten 2012!!

Utrulig mange gode resultat av klassane frå Vassenden som deltok på Tine stafetten 2012! Gratulerer spesielt til 8. klasse som vann si klasse, og til 6. klasse som fekk flott 2. plass! Og 7. klasse klarte ein flott 4. plass. Her finn du resultatlister og reportasje frå Firda.
Les meir »   10.05.2012

Jolsterkommune-vaapen.png

Ledig pedagogstilling

Vassenden skule har ledig 170% fast stilling som pedagog og 30% årsvikariat frå 1.8.2012 Her finn du utlysingstekst og informasjon om korleis du søkjer stillinga. Velkomen som søkjar hjå oss!
Les meir »   10.05.2012

Vårpuss på SFO

Tysdag 08.mai hadde vi vårpuss både inne og ute på SFO. Ute vart det kosta og rydda, og inne vart det på kveldstid rydda og ommøblert.
Les meir »   09.05.2012

SFOplass for komande skuleår?

Minner om at de som har endringar på SFO-plassen for neste skuleår, må inn og endre dette via Jølster kommune sine nettsider. Viktig å merke seg at grunna forlenga opningstid, vil ein ettermiddagsplass no telje 2,25 timar og ikkje 2,0 timar slik det har vore fram til no.
Les meir »   09.05.2012

RSS

Søk

Google: